Hammersland bok & musikk AS

Hammersland bok & musikk AS gjev ut bøkerog produserer musikkspel til skular/barnehagar/teatergrupper etc.

Våre tjenester

Ikon for Bokugjeving
Bokugjeving

Har du planar om å gje ut bok, men er usikker på korleis du skal gå fram, kan eg hjelpa deg. Du avgjer kor mykje du vil gjera sjølv, og prisen blir avtalt ut frå det. Du lyt skriva og selja boka sjølv, men elles kan du få hjelp til det meste:
Layout, omslag, isbn, innmelding i bokbasen (mentor) for at boka skal vera søkbar i bokhandlar. Og så får du hjelp med korrektur. Retteprogram i Word er diverre ikkje nok.

Ikon for Musikkspel
Musikkspel

Hos oss kan du velja mellom eit lite utval musikkspel
til skular/barnehagar/teatergrupper etc.

Ikon for Rebus
Rebus

Du kan få skreddersydd rebusar til eitkvart høve,
td. firmafest, julebord, team-building, familieselskap etc. NB! Ikkje quiz. (Det kan du heilt sikkert laga sjølv).
Og kvar jul er det julerebus: (1.-24. desember)

Om oss

Hammersland Bok & Musikk vart stifta i 2017. I byrjinga gav eg ut eigne bøker, men har seinare gjeve ut for andre. Forlaget er ikkje stort, men stor er interessa for å gje ut nettopp di bok. Du vil få hjelp til det meste, men du må skriva ho sjølv. Prisane er gode, og vil vera avhengige av kor mykje du vil gjera sjølv. Layout, korrektur, språkvask, omslag, isbn.

I tillegg til bokutgjeving, kan eg tilby musikkspel til skular/barnehagar/teatergrupper etc.
Og skreddarsydde rebusar (ikkje quiz).
Og kvar jul er det julerebus 1.-24. desember

Referanser

Ikon for Eigne bøker
Eigne bøker

Frå 2016 til 2023 har eg gjeve ut om lag 10 bøker. 3 barnebøker og 7 vaksenbøker
På netthandel finn du ei meir detaljert oversikt

Ikon for Andre bøker
Andre bøker

På netthandelen finn du ei oversikt over bøker som eg gjeve ut for andre

Ikon for Musikkspel
Musikkspel

5 ulike musikkspel til bruk for skular, teatergrupper e.l. Ny gut i klassen handlar om mobbing Tyrihans – ein moderne versjon av eventyret om guten som fekk kongsdattera til å le Sjuande mor i huset – Ei musikalsk reise gjennom 175 år norsk skulehistorie Juleglede – Kvifor er det så mykje ufred i verda når vi syng så mykje om fred i jula? Kanin Kamilla og Løva Leonid – Basert på dei to bøkene med same tittel

Ikon for Bøker, hefte, brosjyer
Bøker, hefte, brosjyer

Treng du hjelp til å laga hefte, brosjyrer e.l. hjelper eg gjerne med det. Prisen er avhengig av kor mykje du vil gjera sjølv. Du er med i heile prosessen og avgjer når du er nøgd med produktet før det går i trykken.

Omtaler

- Thor Økland
⭐⭐⭐⭐⭐
Hammesland Bok & Musikk AS gav ut den førre boka mi, Livet på landet. Eg var svært nøgd med samarbeidet. Neste bok er under arbeid, ho skal sjølvsagt koma ut på same forlag. Anbefalast
Sverre Bungum
⭐⭐⭐⭐⭐
– Eg har gitt ut 5 bøker gjennom Hammersland Bok og Musikk AS dei siste åra. Det har vore ei glede å samarbeide med mannen bak, Helge Hammersland. Han er hjelpsam og ryddig på alle vis. Etter som han sjølv har solid forfattarbakgrunn, er råda hans bygde på røynsle og kunnskap. Dette gjeld så vel det reint tekstlege som layout og digitale utfordringar.

April 2024

Ansatte

Helge Hammersland
Daglig leder

Kontakt oss